Foredrag og PVK-øving

Det har vore ein del aktivitet i TrAMS på vårhalvåret allereie. 26. januar var det foredrag med Lars Gunnar Johnsen som omhandla traumepasienten. Foredraget blei kalla ein introduksjon til traumepasienten, og omhandla korleis behandlingsforløpet til pasienter med multitraumepasienter er. Korleis ein skal prioritere skadene til pasienten, og korleis ein prioriterer mellom pasienter på ein skadestad med fleire skadde.

22. februar var det Jan Kristian Damås som hadde foredrag for dei som var interesserte. Det omhandla sepsis, med spesielt fokus på den kliniske delen av sjukdomsbiletet. I 2016 kom det ei ny veileiing på korleis ein oppdagar sepsis tidleg, og korti ein skal setje i gong kva behandling. Denne blei gjennomgått i foredraget, og samanlikna med korleis det var før.

Sepsisforedrag med Jan Kristian Damås

Etter foredraget var det opent på F-labbene for dei som ynskte å setje venefloner. Eit tilbod som var meint for å dekke opp for at veneflonkurset for medisinstudentar på vårparten går ut. Det var deltakarar frå ulike kull og ein del som kom for å øve på veneflonsetting.

PVK-setting

I tillegg til arrangement for medisinstudentar har eksternaktiviteten og vore høg. Det har blitt arrangert eit vellukka første PVK-kurs for vernepleiarstudentar, og torsdag 23. februar får sjukepleiarstudentar tilbodet om kurset.

Takk til alle deltakarar for at de har møtt opp på kursa og på foredrag!