Frivilleg veketeneste i akuttmedisin

I samarbeid med fakultetet og St. Olavs har TrAMS ansvaret for nødnett-telefonen som varslar om traumar i akuttmottaket. Dette er ei ordning som me har arbeida mykje med å få på plass det siste året etter overgangen frå callingar til nødnett. Dette tilbodet er no omgjort frå å vera tilgjengeleg for alle medisinstudentar som hadde vore med på callingkveld med TrAMS, til å vera frivilleg veketeneste. Det vil seie at det er dei som går i stadium II og oppover som får tilbodet om å reservere nødnett-telefonen. Den nye ordninga gjer samarbeidet mellom St. Olavs, fakultetet og TrAMS tettare og ordninga er meint å gje eit høgare læringsutbytte enn tidlegare ordning.

Dersom du ynskjer meir informasjon eller å reservere telefonen gjer du det på denne sida. Der ligg det ute eit informasjonsskriv om ordninga som det er viktig at den som booker telefonen les gjennom.

Om du har problem eller spørsmål, ta kontakt med sekretær og webansvarleg på mailadresse info@trams.no.