Generalforsamling

Den 6. september vil det bli avholdt generalforsamling i KBA kl 17.00. Sakene er som følger:

  • Årsberetning og rapport frå intern og eksterndelen av styret.
  • Rekneskap
  • Budsjett
  • Val
  • Kontingent
  • Eventuelt

Dersom du ynskjer å stille til val er du hjarteleg velkommen til det. Alle verva er på val, og alle som kan vera medlem av organisasjonen kan stille. Verva i styret er som følger:

Leiar

Leiaren er personen med det øverste ansvaret for drifta av organisasjonen. Har tidlegare hatt ein god del ansvar med samarbeid med fakultetet, har hatt kontakt med dei andre AMS-ene i landet i tillegg til å vera svært involvert i den daglege drifta til organisasjonen.

Fagleg ansvarleg

Fungerer som ein nestleiar. Er med på å utvikle nye tilbod til medlemmar og vidareutvikle organisasjonen. Har året 2016/2017 blant anna arrangert foredrag og medlemskveldar.

Internsjef

Har ansvar for organisering av internkurs for medisinstudentar. Heriblant er PVK og TrAMS 2-kursa viktig å nemne, i tillegg til å arrangere kurs for å få fleire instruktører. Har og hatt ein del ansvar opp mot fakultetet og akuttmedisinkurset til 1A. Internsjef og internkoordinatorene er dei som jobbar med interndrifta.

Eksternsjef

Har hovedansvar for organisering av eksterndrifta. Organiserer PVK-kurs for sjukepleiarar og vernepleiarar og førstehjelpskurs for dei som bestiller det. Jobbar saman med eksternkoordinatorane.

Økonomiansvarlig

Har oversikt over den økonomiske situasjonen saman med leiaren. Er i tillegg ansvarleg for føring av rekneskap og budsjett.

Sekretær og webansvarlig

Han ansvar for å skrive referat frå styremøter og oppdatere nettside og sosiale medier med ny informasjon.

Internkoordinator 1&2

Internkoordinatorane får oppgåvene sine fordelt i samarbeid med internsjefen. Skal bistå internsjefen der det er behov for det.

Eksternkoordinator 1&2

Eksternkoordinatorane får oppgåvene sine fordelt i samarbeid med eksternsjefen, og skal bistå eksternsjefen der det er behov for det.

Materialasvarleg

Har ansvar for utstyrslageret. Skal rydde og holde oversikt over det som er på utstyrslageret, samt bestille nytt utstyr når det er behov for det.

 

Det blir enkel servering på generalforsamlinga.

Eventet på facebook vil bli oppdatert fortløpende med ny informasjon.

Vel møtt!