Året som har gått

Arbeidsåret 2016/2017 er over, og her er ei oppsummering av det TrAMS har holdt på med det siste året.

I september blei det arrangert hyttetur med fokus på utvikling av akuttmedisinske ferdigheter til dei som hadde meldt seg på. Det er mest førsteklassinger som melder seg på hytteturen, og det faglige opplegget gjekk derfor ut på grunnleggende ferdigheter i førstehjelp for helsepersonell.

I oktober blei det for første gang arrangert akuttmedisinkurs for medisinstudenter i stadium IA. Det var godt oppmøte både blant studentene og flinke fasilitatorer. Det var høg fagleg tyngde og mykje hands on tid for å øve på akuttmedisinske ferdigheter. Kurset fekk gode tilbakemeldinger, og har vore gjennom ein runde med evaluering før det blei bestemt at fakultetet hadde ein ynske om å videreføre kurset. Dette er ein stor siger for TrAMS som har arbeidd med dette i fleire år. Det har og kommet inn læringsmål i stadium IA som omhandlar akuttmedisin, som er viktig for å sikre at det og føles relevant for medisinstudentene å prioritere kurset.

Det blei gjennomført PVK-kurs for medisinstudenter på hausten, og det blei arrangert TrAMS 2. I tillegg blei det arrangert medlemskveld i Bymarka med caser der fokusområdet var hypotermi. Etter gjennomføringa av caser var det bålkos med deltakerene. Før jul blei det arrangert juleverksted der det var mange som møtte opp. Det var ulike workshops med quiz, HLR, sutur og PVK. I tillegg blei det servert graut.

Etter jul blei det arrangert 2 foredrag som var oppsummerende og pensumrelevant for høgere stadier. Det blei og arrangert eit TrAMS 2- kurs. I tillegg fekk me besøk av PULS Norge som demonstrerte ein ny type PVK som skal bli tatt i bruk på norske sjukehus.

På eksternsida har det blitt avholdt 2 PVK-kurs for sjukepleiarstudentar, og PVK-kursa har fått utvida målgruppe ved at det har blitt arrangert 1 for vernepleierstudentar og. Det har blitt avholdt mange eksternkurs i førstehjelp, og det har i den sammenheng blitt opplært 30 nye instruktører som kan ta på seg oppdrag.

Takk til alle som møter opp på arrangement og som er engasjert i TrAMS! Me gler oss til eit nytt arbeidsår!